VURDERING
Utdrag fra Forskrifter til Opplæringslova
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og
i vidaregåande opplæring
| 0 |
Heile kapittel 3 endra ved
forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). |
I. Generelle føresegner
| 0 |
Heile kapittel 3 endra ved
forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). |
§ 3-1.
Rett til vurdering
Elevar i offentleg
grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar i
offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter
reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett
til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon
av opplæringa. Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er
fastsett i føresegnene her. Praksiskandidatar reknast som privatistar
i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskild fastsett i føresegnene
her. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som er godkjende etter opplæringslova
§ 2-12.
Reglane i kapitlet gjeld ikkje
for dei som får privat opplæring i heimen etter opplæringslova §
2-13.
Kapitlet gjeld heller ikkje
for offentleg grunnskoleopplæring eller offentleg vidaregåande opplæring
særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. For
vurdering i opplæring særskilt organisert for vaksne, gjeld kapittel
4.
Det skal vere kjent for
eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa
og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.
Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering
og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.
Skoleeigar har ansvaret for at
eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir
oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved opplæring i
bedrift er det lærebedrifta som oppfyller lærlingen og lærekandidaten
sin rett til vurdering.
§ 3-2.
Formålet med vurdering
Formålet med vurdering i fag
er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen
og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i
faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til
elevane, lærlingane og lærekandidatane.
Undervegsvurdering skal
brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa
opplæring og bidra til at eleven, lærlingen eller lærekandidaten
aukar kompetansen sin i fag.
Sluttvurderinga skal gi
informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten
ved avslutninga av opplæringa i faget.
Formålet med vurdering i
orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven,
skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin
orden og åtferd.
Undervegsvurdering og
sluttvurdering skal sjåast i samanheng for å betre opplæringa.
Kunnskap om elevens, lærlingens og lærekandidatens utvikling i fag,
orden og åtferd gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for
å fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd.
§ 3-3.
Grunnlaget for vurdering i fag
Grunnlaget for vurdering i fag
er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er
fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.
I vurderinga i fag skal ikkje
føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til
ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten
trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i
vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene
til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader
trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.
Læraren og instruktøren skal
så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere
kompetansen til eleven, lærling og lærekandidaten, slik at retten
eleven, lærlingen og lærekandidaten har etter § 3-1, blir oppfylt.
Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer
vurdering vanskeleg. Eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal møte
til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren eller instruktøren
får grunnlag for å vurdere eleven, lærlingen eller lærekandidaten
sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i
planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre
til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller
standpunktkarakter manglar.
§ 3-4.
Karakterar i fag mv.
I grunnskolen til og med 7. årstrinnet
skal det berre givast vurdering utan karakterar.
Frå 8. årstrinn og i vidaregåande
opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal
brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile
talkarakterar skal brukast.
Dei enkelte karaktergradene
har dette innhaldet:
| a) |
karakteren 6 uttrykkjer at eleven
har framifrå kompetanse i faget |
| b) |
karakteren 5 uttrykkjer at eleven
har mykje god kompetanse i faget |
| c) |
karakteren 4 uttrykkjer at eleven
har god kompetanse i faget |
| d) |
karakteren 3 uttrykkjer at eleven
har nokså god kompetanse i faget |
| e) |
karakteren 2 uttrykkjer at eleven
har låg kompetanse i faget |
| f) |
karakteren 1 uttrykkjer at eleven
har svært låg kompetanse i faget. |
I vidaregåande opplæring
svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle
tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått i læreplanverket. Fag
med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2
eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein
tverrfagleg eksamen.
Det går fram av læreplanverket
at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei
andre uttrykka er
| a) |
bestått/ikkje bestått: for å få
karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande
kompetanse i faget |
| b) |
delteke/ikkje delteke. |
Ved fag- og sveineprøve og
kompetanseprøve skal det ved vurderinga brukast ein tredelt skala som
har dette innhaldet:
| a) |
bestått mykje godt: mykje god
eller framifrå kompetanse i faget |
| b) |
bestått: tilfredsstillande eller
god kompetanse i faget |
| c) |
ikkje bestått: svært låg
kompetanse i faget. |
§ 3-5.
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
Grunnlaget for vurdering i
orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med
ordensreglementet til skolen.
Grunnlaget for vurdering i
orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis
arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom
anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og
har med nødvendig læremiddel og utstyr.
Grunnlaget for vurdering i åtferd
er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar
og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om
eleven viser omsyn og respekt for andre.
Vurderinga av orden og åtferd
skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
I vurderinga i orden og i åtferd
skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal
det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er
dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær
kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.
§ 3-6.
Karakterar i orden og i åtferd
I grunnskolen skal det til og
med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i
åtferd.
Frå 8. årstrinnet og i
vidaregåande opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast
med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane
nyttast:
| a) |
God (G): vanleg god orden og
vanleg god åtferd |
| b) |
Nokså god (Ng): klare avvik frå
vanleg orden og frå vanleg åtferd |
| c) |
Lite god (Lg): i ekstraordinære
tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd. |
§ 3-7.
Varsling
Eleven og foreldra skal
varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering
med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi
det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter.
Eleven og foreldra skal også
varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering
med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god
(Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.
Varselet skal givast utan
ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag
for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi
eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd.
Etter at eleven har fylt 18 år,
skal foreldra ikkje varslast.
§ 3-8.
Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten
har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om
sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og
prinsipp for opplæringa i læreplanverket.
§ 3-9.
Kontakt med heimen i grunnskolen
Skolen skal halde kontakt med
foreldra gjennom opplæringsåret.
Foreldra har minst to gonger i
året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren
om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I
tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til
eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for
opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven,
skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa
og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra.
Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i
samtalen. Det skal alltid sendast skriftleg melding når foreldra
ikkje møter til samtale.
Når skolen eller heimen
meiner det er formålstenleg, kan skriftleg melding nyttast i tillegg.
§ 3-10.
Privatistar
Privatist er etter reglane i
dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire
fag utan å vere elev eller lærling i dette faget eller desse faga.
Privatistar går opp til
eksamen i fag dei ønskjer å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma
for privatistar er fastsett i læreplanverket.
Det skal vere tilgjengeleg for
privatistar kva som er måla for opplæringa og kva som blir lagt vekt
på i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.
I læreplanverket er det for
enkelte fag fastsett at privatistar berre treng bestå eksamen på det
høgaste nivået for å få godskrive faget på eit lågare nivå.
Barn og ungdom i opplæringspliktig
alder, jf. opplæringslova § 2-1, kan ikkje ta grunnskoleopplæringa
som privatist.
II. Undervegsvurdering
| 0 |
Heile kapittel 3 endra ved
forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). |
§ 3-11.
Undervegsvurdering
Undervegsvurdering skal
brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa
opplæring og bidra til at eleven, lærlingen og lærekandidaten aukar
kompetansen sin i fag, jf. § 3-2. Undervegsvurderinga skal gis løpande
og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.
Undervegsvurderinga skal
innehalde grunngitt informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen
og lærekandidaten og skal givast som meldingar med sikte på fagleg
utvikling.
Eleven, lærlingen og lærekandidaten
har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren
eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i
faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga
utan karakter, jf. § 3-13 og i grunnskolen i samband med samtalen med
foreldra etter § 3-9.
Læraren skal vurdere om
eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova
§ 5-1 og § 5-4.
Lærekandidatar og elevar med
individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og
rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for
dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd. Elevar som er fritekne
frå vurdering med karakter etter § 3-20 skal ha undervegsvurdering
utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen
så langt planen avvik frå læreplanen for faget.
Elevar som er fritekne frå
vurdering med karakter etter § 3-21 til § 3-24 skal ha
undervegsvurdering utan karakter i faget. Grunnlaget for vurdering er
kompetansemåla i faget, jf. § 3-3.
§ 3-12.
Eigenvurdering
Eigenvurderinga til eleven, lærlingen
og lærekandidaten er ein del av undervegsvurderinga. Eleven, lærlingen
og lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid,
eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling, jf. opplæringslova § 2-3
og § 3-4.
§ 3-13.
Halvårsvurdering i fag for elevar
Halvårsvurdering i fag er ein
del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven i
forhold til kompetansemåla i læreplanverket. Ho skal også gi
rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.
Det skal bli gitt halvårsvurdering
utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.
Frå 8. årstrinnet skal
eleven ha halvårsvurdering utan karakter og halvårsvurdering med
karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal gi uttrykk for den
kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på
tidspunktet for vurderinga.
I grunnskolen skal halvårsvurderinga
gjennomførast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet,
og ved slutten av opplæringsåret på årstrinnet for fag som ikkje
blir avslutta, jf. læreplanverket.
I vidaregåande opplæring
skal halvårsvurdering gjennomførast midt i opplæringsperioden på
kvart årstrinn. I fellesfag, jf. § 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering
med karakter på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje blir
avslutta, jf. læreplanverket.
Elevar som er fritekne frå
vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24 skal ha halvårsvurdering
utan karakter. For elevar med fritak frå vurdering med karakter etter
§ 3-20 skal halvårsvurderinga utan karakter givast på grunnlag av måla
i den individuelle opplæringsplanen så langt denne avvik frå læreplanen
for faget.
Rektor har ansvaret for at
faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter.
Dersom rektor er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde,
kan rektor be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.
§ 3-14.
Halvårsvurdering for lærlingar og lærekandidatar i bedrift
Halvårsvurdering er ein del
av undervegsvurderinga for lærlingar og lærekandidatar. Halvårsvurderinga
er utan karakter og skal beskrive kompetansen til lærlingen og lærekandidaten
i forhold til kompetansemåla i læreplanverket. Ho skal også gi
rettleiing om korleis lærlingen og lærekandidaten kan auke
kompetansen sin i faget. Instruktøren gjennomfører halvårsvurderinga
utan karakter.
§ 3-15.
Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
Halvårsvurdering i orden og i
åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering
utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.
Frå 8. årstrinnet skal det
givast halvårsvurdering også med karakter i orden og i åtferd. Halvårsvurdering
med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og
10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret så nær som etter
10. årstrinnet.
I vidaregåande opplæring i
skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden
på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter
ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa
i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i
skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd
etter § 3-19.
Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering
i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.
§ 3-16.
Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga
Frå 8. årstrinnet skal alle
elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter i fag og i
orden og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal også
dokumenterast kvart halvår.
Det skal kunne dokumenterast
at undervegsvurdering er gitt, jf. § 3-11 til § 3-15.
III. Sluttvurdering
| 0 |
Heile kapittel 3 endra ved
forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). |
§ 3-17.
Sluttvurdering i fag
Sluttvurderinga skal gi
informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten
ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 3-3.
Sluttvurderingar i grunnskolen
er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar i vidaregåande
opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar
til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve.
Sluttvurderingar er
enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.
Eksamen er særskilt regulert
i § 3-25 til § 3-37. For fag-/sveineprøva og kompetanseprøva gjeld
særskilde reglar, sjå § 3-48 til § 3-68.
Elevar i grunnopplæringa som
har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla
kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3. Elevar i
grunnskolen kan få fritak frå vurdering med karakter, jf. § 3-20.
Dersom sluttvurdering ikkje er mogleg for ein elev i vidaregåande
opplæring, skal eleven ha dokumentasjon ført i samsvar med § 3-45
og § 3-46.
§ 3-18.
Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar er
karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, jf. læreplanverket,
og som skal førast på vitnemålet.
Standpunktkarakteren må
baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen
eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal ha høve til å forbetre
kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett.
Eleven skal bli gjort kjend med kva det er lagt vekt på i
fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.
Standpunktkarakterar i fag med
sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før
fellessensurmøtet.
Standpunktkarakterar i fag med
lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen
gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen på det aktuelle
trinnet innanfor utdanningsprogrammet.
Rektor har ansvaret for at
faglærar set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane
for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje ei
ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.
I dei tilfella der det ikkje
er grunnlag for å setje standpunktkarakter, har rektor ansvaret for
at det blir fatta enkeltvedtak om at standpunktkarakter ikkje skal bli
gitt. For at det skal kunne gjerast enkeltvedtak om å ikkje gi
karakter, skal eleven vere varsla, jf. § 3-7. Når det ikkje kan
givast standpunktkarakter i grunnskolen på grunn av stort fråvær
eller andre særlege grunnar, skal det ikkje førast karakter på
vitnemålet.
§ 3-19.
Standpunktkarakterar i orden og i åtferd
Elevar skal ha
standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I
vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei
avsluttar opplæringa i skole, jf. læreplanverket.
Rektor har ansvaret for at
standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting
i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i
orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.
IV. Fritak frå vurdering
| 0 |
Heile kapittel 3 endra ved
forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009). |
§ 3-20.
Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan
Når ein elev i grunnskolen får
opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om
eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både
gis skriftlege og munnlege karakter, kan foreldra også velje om
eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som
vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller
begge målformene. Valretten gjeld berre i fag som er omfatta av
enkeltvedtaket om spesialundervisning der eleven får opplæring etter
slik plan.
Skoleeigaren skal sørgje for
at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva
val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
Elevar i vidaregåande opplæring
kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har
individuell opplæringsplan i eit fag.
§ 3-21.
Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar
i grunnskolen
Minoritetsspråklege elevar i
grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av eit opplæringsår,
er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret,
dersom foreldra ber om dette. Dette gjeld både halvårsvurdering med
karakter og standpunktvurdering.
Skoleeigaren skal sørgje for
at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva
val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
§ 3-22.
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar som har hatt rett til særskild
språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på
Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå
vurdering med karakter i skriftleg sidemål.
Når ein elev i grunnskolen og
vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan,
avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter
i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om
spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa
og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå
vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:
| a) |
på grunn av sjukdom, skade eller
dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem
med å greie begge målforma |
| b) |
ikkje har gjennomgått
ungdomstrinnet i norsk grunnskole |
| c) |
fylte vilkåra for fritak frå
opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen,
men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje
fekk fritak. |
Skoleeigaren skal stryke
standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom
en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering
med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i
skriftleg sidemål.
§ 3-23.
Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget
kroppsøving i vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring
som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa i den praktiske delen
av kompetansemåla i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring
så langt dette er mogleg for eleven. Elevar skal få fritak frå
vurdering med karakter i den praktiske delen av faget når den
tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med
karakter. Det blir ikkje gitt fritak frå vurdering med karakter i den
teoretiske delen av faget.
§ 3-24.
Fritak frå eksamen
Elevar som er fritekne for
vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje
delta i eksamen i faget.
I grunnskolen kan rektor sjølv
etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre
tungtvegande grunnar.